px_transp
Last ned
Program hausten 2010 -

Crossworld – internasjonalt fellesskap på Sandane

Foto: Ingebjørg Isane Fure

Crossworld
På Sandane bur her ein del flyktningar. Vi som har starta opp Crossworld synest det er givande å møte menneske frå andre kulturar, og vi vil gjerne bidra til at flyktningane og andre personar frå ulike land finn seg til rette her. Crossworld er spesielt tilrettelagt for at også dei som endå ikkje kan godt norsk, skal få mulegheit til å delta i eit kristent fellesskap og samtidig få praktisere norsken. Men utbytte er gjensidig; dei av oss som er norske synest det er svært inspirerande å få vere ilag med desse som har ein annan kulturell bakgrunn enn oss. Vi nordmenn har godt av å få nye perspektiv på livet!

633cw2.jpg
Crossworld-fest; afrikansk dans!

Om namnet Crossworld:
Med orda «cross» og «world» får vi fram at ulike verder kryssar kvarandre når folk frå ulike kulturar og nasjonar møtest for å bli betre kjende med kvarandre og med Gud. Men med ordet «cross» understrekar vi at ord om korset; bodskapen om at Gud har komme til verda gjennom Jesus Kristus, står sentralt når vi møtest.


Kva vi gjer på:
Ca kvar 14. dag møtest vi heime hos Bjørg og Svein Ottar Sandal. Vi brukar å vere mellom 8-15 personar som møtest, med ei god blanding av norske og av flyktningar.
I løpet av ein kveld har vi lovsong, der i blant afrikasongar, vi har god mat og prat, lesing av ein bibeltekst på norsk med parallelltekst på engelsk, fransk, tigrinja, eller andre språk etter behov. Deretter samtalar vi om bibelteksten to og to, før vi til slutt samlast alle og ber ilag, på valfritt språk.
Hausten 2010 har vi valt å også satse på litt andre opplegg: Nokre gongar når det er Søndagsamling i Sandane kyrkje møtest vi 45 minutt tidlegare og har ein "Søndagsprat". I tillegg blir det ein Internasjonal fest i samarbeid med Sandane Normisjon.

Misjonsprosjekt
Gjennom forbønn og kollekt støttar vi Normisjon sitt arbeid blant fulanerane i Mali. Den lokale kyrkja ønskjer å nå denne folkegruppa gjennom alfabetisering, evangelisering og dåpsopplæring. vi blir oppdaterte på arbeidet gjennom e-mailkontakt med ein fulaner.
Meir om arbeidet  blant fulanerane: http://www.normisjon.no/index.php?kat_id=358&p_id=64


Tilknyting
CW er tilknytta både Normisjon Sogn og Fjordane og KIA Bjørgvin, samtidig som vi er ein del av fellesskap.no

Artiklar:

Crossworld under open himmel
Flyktningar får norske biblar
Fargerikt fellesskap i Sandane kyrkje
Ny leir med nye takter

Sjå også heimesida www.crossworld.no

Program hausten 2010

29. sept

kl. 18

Opningsfest på bedehuset (Sandane Normisjon)

1. sept

19.00

Crossworldtur. Ta med mat og drikke og bra med klede. Viss veret blir dårleg blir vi heime hos Bjørg og Svein Ottar.

15. sept

19.00

Vanleg CW hos Bjørg og Svein Ottar.

26. sept

11.00

Søndagsamling i Sandane kyrkje. Ikkje eige opplegg for/av CW, men vi oppmodar alle om å komme. Fint for familiar!

24. okt

 18.30

Internasjonal kveld i samarbeid med Sandane Normisjon. På bedehuset.

7. nov

10.15

Søndagsprat. Søndagsamling i Sandane kyrkje kl 11. CW møtast 10.15 for å snakke om bibel-teksten, be saman ++ Fint for familiar.

21. nov

10.15

Søndagsprat. Søndagsamling i Sandane kyrkje kl 11. CW møtast 10.15 for å snakke om bibel-teksten, be saman ++ Fint for familiar.

1. des

19.00

Juleavslutning for CW heime hos Bjørg og SO.

Word-format: Program hausten 2010

630cw1.jpg
Crossworld på avslutningstur våren 2009.


Søk i fellesskap.no

SMÅFELLESSKAP

STORFELLESSKAP

23+ / UV- FELLESSKAP

MISJON

INTERESSEFELLESSKAP

HAUGEROMMET

HENDELSER



 

Forsiden | Om fellesskap.no | Starte et fellesskap? | Kontakt | Ressurssenter | Våre fellesskap | Forsamlingsnettverk


© fellesskap.no | Redaktør: Eystein Wiig | Webmaster: Eivind Skaaheim
Sidene er utviklet i samarbeid med Dynamis Design og Tyde